Kinesiotape


Kinesiotape vart utvikla av den japanske kiropraktoren Kenzo Kase for over 25 år sidan. Det er ein elastisk bomullstape som oftast vert brukt som ein supplerande behandling av idrettsskadar og andre vanlege fysiske/muskulære lidingar.

Tapen er elastisk og vert festa direkte på huda. Den er behageleg å ha på og er allergivennleg. Den tåler vatn godt, både dusj og bading. Den skal vera festa på huda i tre til fem døgn.

Tapemetoden vert oftast brukt i behandling av muskulære plager. Tapen blir lagt langs dei involverte muskelfibrane som ofte aukar rørsleevna, reduserer hevelse, aukar lymfedrenasje og sirkulasjon, reduserer smerte, samt for førebygging av overbelastning eller muskelspenningar. Tapen blir gjerne brukt ved akutte muskelskader.

Me nyttar denne teknikken som eit tillegg til andre behandlingstiltak, som ein del av ein heilheitleg tilnærming.