Låsing og leddjustering

Jason justerer nakke 2

Kiropraktikk er behandingsforma utført av ein kiropraktor. Den mest vanlege typen er leddjustering. På folkemunne blir dette ofte kalla for å "knekke leddet på plass".

Ei justering vert brukt på ledd som har endra rørsleevne. Dette kallar me låsingar. Ei låsing omfattar leddet, leddkapselen, musklane rundt leddet og nervene i området. Funksjonen i leddet og musklane rundt endrar seg og kan føre til smerte. Ein kan ha låsingar som ikkje fører til smerte lokalt, men gir følelse av stivheit, trøytt følelse i musklane eller refererte smerter. 

Leddjusteringa skjer inn i den retninga der leddet er låst. Ein nyttar ulike teknikkar, stort sett med spesifikke handgrep som gjev ein rask impuls inn i leddet som er låst. Grepet fører til ein umiddelbar avspenning av den djupe muskulaturen, betre rørsle i leddet og ofte ein umiddelbar smertereduksjon. Når justeringa skjer vert det ofte ein lyd frå leddet, som eit klikk. Lyden kjem av gass som vert utløyst frå leddveska i det øyeblikket det sjer ei trykkendring i leddet ved justeringa. Klikket fungerer som ei "kvittering" på at leddet har fått auka rørsle og at låsinga er redusert. Leddjusteringa gjer sjeldan vondt og er dokumentert trygg og effektiv.

Kiropraktoren nyttar og teknikkar som ikkje produserer lyd. Her får kiropraktoren hjelp av behandlingsbenken eller handhaldte instrument. Nokre av desse teknikkane er så milde at me fint kan bruke dei sjølv om den som får behandling er beinskjør eller om det er små barn. 

I tillegg til justeringsteknikkar behandlar kiropraktoren ofte muskulaturen i det relevante området samt gjev deg rettleiing i forhold til kva du kan gjere sjølv.