Dekkskift

Dekkskift

Kvar haust og vår er dekkskifte årsaka til mange vonde ryggar. Med nokon få forholdsreglar kan du førebygge ryggsmerter. Ein frisk rygg skal tåle å skifte hjul på bilen, særleg om du følgjer desse råda, men har du ein sårbar rygg frå før må du kanskje ta ekstra omsyn.

Råd for å unngå ryggproblem

  • Unngå stress og hastverk. Planlegg dekkskiftet slik at du slepp å føreta eit "naudskifte" i snøvêr med dårleg tid.
  • Skift til klær som tåler å bli skitne. Då unngår du dårlege arbeidsstillingar for å ta hensyn til kleda.
  • Start med ein rask gåtur så du får igang blodsirkulasjonen og får varme i kroppen.
  • Rull dekka mellom oppevaringsplassen og bilen, ikkje lyft meir enn du absolutt må.
  • Bøy knea og set deg på huk med skuldrene på høgd med dekket. Unngå å krumme ryggen, la den heller få naturleg innoversvai. Lyft brystkassa fram.
  • Ha ei brei fotstilling. Dette gjer deg både meir stabil og gjer deg meir kraft. Det gjer og plass til dekket mellom knea når du lyfter det opp på, eller av, boltane.
  • Hald dekket inntil kroppen når du lyfter det. Lyft med beina og ikkje ryggen.
  • Krum rygg er forbode
  • Det er betre å sitta på kne enn å stå framoverbøygd. Kvil knea på ei skumgummipute.
  • La den øverste mutteren stå att tilslutt så unngår du at dekket begynner å tippe utover. Tippar dekket utover gjer det arbeidet tyngre og det er vanskelegare å halde ei god arbeidsstilling.
  • Ikkje rykk til når du skal løysa eller stramma muttrane, bruk jamnt trykk ved hjelp av kroppsvekt.
  • Ta pausar og rett deg opp, gå litt. Dekkskift og stress er ingen god kombinasjon.