Ernæring

Helsa di vert påverka av det du et og drikk. Gjennom maten får kroppen din byggeklossar til å vekse og/eller reparere. Kvaliteten på desse byggeklossane vil sjølvsagt påverke kvaliteten på det "produktet" som er kroppen din. Å eta sunt og variert, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med rett kvardagskost kan du førebygge sjukdom.

Det er god dokumentasjon for at omlegging til eit sunnare kosthald, saman med regelmessig trening, kan senke risikoen for alvorleg sjukdom. Små grep i kvardagen kan ofte ha stor betydning for helsa. Uansett utgangspunkt og livssituasjon, kan ein ernæringsfysiolog gi deg gode råd om kosthaldsendringar som kan betre helse og livskvalitet.

Det er mykje diskusjon om kva som er rett kosthald. For å gjere det enkelt er regel nr ein at maten skal vere så naturleg som mogeleg. Dette betyr at du lagar den sjølv frå dei råvarene naturen gjev: grønsaker, frukt, kjøt, fisk, urter osb. Bruk minst mogelg av halvferdige eller ferdige rettar frå hermetikk og vakumpakking. Jo lenger ein innhaldsforteiknelse er, jo betre grunn er det for å la den stå att på hylla.

Me anbefalar å bruke så mykje økologiske matvarer som råd. Her er grunnane:

  • Fleire studier viser at økologisk dyrka mat er rikare på næring enn ikkje-økologisk dyrka mat.
  • Mattilsynet godkjenner stadig ei aukande mengd sprøytemiddel i matvarene våre.

Så det er ikkje berre jordkloda vår som drar nytte av økologisk jordbruk, men du og!

Kosttilskot?

Me meiner dei fleste i dag treng kosttilskot. Grunnane er:

  • Dei fleste har ikkje eit kosthald som gjev alt ein treng
  • Me har eit langt høgare tempo og stressnivå i dag enn me på noko tidlegare tidspunkt har hatt i vår historie
  • Dyrkningsmetodar for frukt, grønt og urter er for å få driva det raskt fram - næringsinnhaldet går ned sidan planten ikkje får den same tida til å ta det opp.
  • Kunstgjødsel gjev ikkje same næringsinnhald som naturleg gjødsel.
  • Innhaustinga skjer tidleg - ofte før modning - slik at frukta og grønnsakene ikkje skal råtne under transport og på lager. Appelsiner t.d. kan bli hausta grønne og modna med gass på lager heile tre mnd etter innhausting - kor mykje vitaminer trur du det er att der?

Kva kosttilskot?

Det er eit hav av kosttilskot på marknaden i dag og mange lovar meir enn dei greier å halde. Kva kvar enkelt person treng av tilskot varierar. Nedanfor finn du nokre tilskot me kan anbefale på generelt grunnlag som dei fleste kan dra god nytte av. 

Fleire og fleire av oss forstår kor viktig det er med eit variert kosthald som inneheld mykje frukt og grønnsaker. Ein god måte å auka inntaket av dette på er å lage smoothes. Det finns og ein del kosttilskot av pulveriserte frukt og grønsaker. Det erstattar ikkje vanleg mat, men sidan dei ferraste av oss greier å få i seg den minste anbefalte daglege dosen av grønsaker og frukt er dette eit godt tilskot. Desse kostilskota finn du ulike variantar av på helsekosten - spør dei om informasjon. 


Omega Cure. Viktog for ledd og musklar, viktig for hjarte og sirkulasjon, betennelsesdempande, viktig for hjernen. Sette er ei norskprodusert omega 3 olje som kjem ut med toppkarakter i testar. Du får rett dosering. Du får god smak og ingen ubehagelege oppgulp i etterkant. Den er produsert i Noreg av norsk fisk og er den ferskaste på marknaden. Dette er altså ikkje ei olje importert frå Sør-Amerika som har fått norsk etikett. Den er og kome ut som best i test av Helsemagasinet VOF.


Medox. Eit norskt høgkvalitetsprodukt av blåbær og solbær. Ei undersøking blant 1500 personar som har brukt Medox i over 2 år viser at:

85 % har fått meir energi/følt seg betre
76 % har vore mindre forkjølte
44 % har fått redusert kolestrolverdier
37 % har fått reduksjon i blodtrykk

Medox er utprøvd ved universitetssjukehus i Norge, Sverige, Kina og USA
Medox er den einaste antioksidanten anbefalt av LHL, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke.


Reinrot. Reinrot er ei urt som opprinleg kjem frå Sibir og vart nytta i den lokale folkemedisinen. Reinrot er blant dei adaptogene urtene. Eit adaptogen er eit slags "grunnstoff" som kroppen kan nytta der det er manglar. Reinrot vil for mange gi auka energi/overskot og at ein føler seg meir våken. Mange som trenar merkar auka uthaldenheit, raskare restutisjon og raskare oppbygging av muskelmasse. Meir informasjon finn du her.


Rosenrot. Rosenrot er også ei adaptogen urt som reinrot. Den veks vilt i Noreg og er rekna som ei av dei sterkaste adapogene urtene. Den vert bl.a. brukt for at kroppen skal takle stressbelasting betre. Meir informasjon finn du her.


Gode resursar

Me anbefalar sterkt desse legane når det gjeld kunnskap om kosthald og kosttilskot.


Kosthald

Legane Berit Norstrand og Sofie Hexeberg er serleg kunnskapsrike om kosthald. Du finn linkar til nettsidene deira nedanfor. Begge har skrive fleire gode bøker med mange gode, enkle oppskrifter og kunnskap om råvarene du bruker. Lærerikt og inspirerande!


Berit Nordstrand


Sofie Hexeberg



Kosttilskot


Her er også to legar som er sterkt engasjoert i førebygging og tildels behandling ved hjelp av tilskot:

Jan-Øyvind Lorgen og Joakim Øien Iversen. Saman forfatta tidlegaredei bloggen "Frisk som en fisk" - som no diverre er nedlagt. Iversen er i praksis og har serleg intressert seg for stoffskiftesjukdommar.




Urtemedisin


Er du intressert i urtemedisin er nettstaden til Rolv og Chistina Hjelmstad ein uvvurderleg ressurs ser dei fritt deler store mengd relevant og god informasjon.