Føredrag


Føredrag kan tilpassast bedrifta sine ynskjer og behov. Me legg opp til enkle og inspirerande prinsipp for å sikre god forståing. Målet er at endringane me føreslår skal vera mogeleg å gjennomføra i ein hektisk kvardag. Nedanfor er ei oversikt over dei mest vanlege tema:

  • arbeidsstillingar, sitting, øvingar i kvardagen
  • førebygging av belastningslidingar/råd og øvingar
  • grunnprinsipp om stresshandtering
  • grunnprinsipp om trening
  • grunnprinsipp om kosthald
  • god kroppshaldning, kvifor og korleis

Har de ynskje om andre aktuelle tema så er det berre å ta kontakt med oss. Me held og føredrag for idrettslag, klubbar, skular og barnehagar. Voss Kiropraktorkontor arrangerer og ulike kurs både i helger og på kvardagar samt ulike temadagar på klinikken. Informasjon om dette kjem under "Nyhende" og det blir annonsert på FB sida vår og innimellom i lokalavisa.

Kvart føredrag varar frå 45 min til eit par timar alt etter kva de ynskjer. Dette kan utførast i arbeidstida eller på kveldstid og kan haldast i bedrifta sine lokale eller i våre høvelege lokale på klinikken.





Erfaringar frå Skulestad barnehage: "Skulestad barnehage hadde Voss kiropraktorkontor som føredragshaldar på eit personalmøte og eit foreldremøte i 2013. Føredraget handla om viktigheita av aktivitet og gode byggjeklossar via næringsrik mat. Me fekk og nokre enkle, gode øvingar for god haldning og for å førebyggja belastningslidingar som kan gjerast dagleg, men som ikkje tek meir enn 2 minutt å gjennomføra. Personalet i Skulestad barnehage var veldig fornøgde med føredraga. Me kan trygt anbefala andre å hyra dei til føredrag. Veldig kjekt og lærerikt."