Hagearbeid

Screen Shot 2014-10-14 at 12.58.17.png

Ryggplager er eit sikkert vårteikn for oss. Saman med omlegging av dekk på bilen kan ei helg med hagearbeid lett gje deg ryggsmerter. Så snart sola kikkar fram vaknar hageentusiasten og skal klyppa, luka, raka, planta og bæra tunge krukker og jordsekkar. Dei fleste av oss er meir innaktive i vinterhalvåret, og så, i løpet av ei einaste helg, skal me gjera hagen vår- og sommarfin. Det blir som å springa halvmaraton utan å ha trent på førehand, og det går lett galt. I tillegg er det mange som ikkje er vant til hardt fysisk arbeid, og brukar dermed kroppen feil.

Råd for å unngå ryggsmerter

  • Varier type arbeid og ta kortare økter
  • Ikkje kast kleda for tidlig sjølv om det freistar i vårsola. Sveitt kropp kombinert med kald trekk og kjølig skygge er ikkje bra. Ta heller pausar og nyt våren hvis du blir lett varm.
  • Unn deg og pausar hvis du kjenner at smertene kjem krypande, og gå deg ein pausetur.

Lettstelt hage

  • Vedlikehaldsfrie hagar finns ikkje, men det gjeld å tenkje litt gjennom funksjon og vedlikehald.
  • Luking og stelling i blomsterbed og grønnsaksenger er hardt for ryggen, la difor ikkje ugraset sleppa til. Luk tidleg før det tek overhand. 
  • Legg kantsteinen i høgd med plenen slik at du kan køyra grasklipparen heilt inntil.
  • Bruk fiberduk eller aviser så nær inntil plantar/buskar som mogeleg, og legg til slutt eit lag med bark på toppen så reduserar du ugras.
  • Plant markdekkande staudar innimellom buskane.
  • Sats på smale, opphøga bed der du slepp å bøye deg så langt ned for å nå plantane. For grønsaker er pallekassar flotte til slikt bruk, eller gamle vindaugskarmar - med eller utan glas.
  • Verktøy med langt skaft sparar ryggen.
  • Hagearbeid er ein sunn og kjekk aktivitet, som gjrr god og gledeleg fysisk aktivitet.

Kilde: NKF og Norsk Hagetidend