Instrumentassistert blautvevsmobilisering

Med denne metoden tek ein i bruk instrument når ein behandlar musklar, bindevev, arrvev, senar og senefester. Instrumenta er oftast laga av stål og er utforma slik at dei passar dei ulike konturane på kroppen og ligg godt i handa på behandlaren. Me bruker eit instrument kalla iAssist.

Instrumentet hjelper oss å kome djupare inn i vevet, få betre tak og bli meir presise. Me har god erfaring med dette på kraftige muskelknutar og på ulike betennelsar. Sjølve behandlinga kan vera noko ubehagleg, men vår erfaring er at det er ferre som vert støle etter dette, enn ved triggerpunktbehandling.