Kiropraktikk

Ordet kiropraktikk er av gresk opprinnelse og betyr "å behandle med hendene".

"Kiropraktikk omfattar diagnostikk, behandling og førebygging av funksjonsreduksjon og lidingar i nerve-muskel-skjelett-systemet. Kiropraktikk som behandlingsmetode har som hovedmål å gjenopprette normal funksjon i bevegelsesapparat og nervesystem når feilfunksjonar har oppstått. Dette har ein påverknad på både mekanikken i ledda og funksjonen i nervesystemet og har dermed ofte både ein smertelindrane effekt og ein funksjonsbetrande effekt som kan verke helande på kroppen generelt."
- Definisjon av kiropraktikk frå Norsk Kiropaktorforening
Omtrent 1/3 av nordmenn med muskel- og skjelettplager oppsøker kiropraktor for undersøking og behandling. Ein kiropraktor har ryggsøyla som spesialfelt, men kan undersøke alle ledd. Kiropraktikk har utvikla seg til å bli ein viktig del av helsetilbodet i Norge. Frå 2006 (i Hordaland 2002) fekk kiropraktorar status som primærkontakt og har rett til å sjukemelde i opptil 12 veker, henvise til biletdiagnostikk, til vidare utgreiing hjå spesialist/kirurg og til fysioterapeut.
Voss Kiropraktorkontor har godt samarbeid med både legar og fysikalske institutt lokalt og i nærregionane, samt det lokale sjukehuset, og med spesialisthelsetenester i Bergen og omegn.

Kva gjer kiropraktoren?

Undersøking:

Kiropraktoren tek ei grundig sjukehistorie og undersøking for å finne årsaka til symptoma dine. Dei vurderer haldning, rørsleevne, ledd, musklar, bindevev og nervesystem. Det kan vera behov for vidare utgreiing ved hjelp av røntgen/CT/MR, ultralyd eller legespesialist som kiropraktoren kan henvise til. Ved klinikken har me tilgjengeleg ståande røntgen, og av og til bruker me EMG for kartlegging av spenningar i musklane.

Kiropraktoren går gjennom alle funna frå undersøkinga med deg og svarar på dei spørsmåla du eventuelt har. Vert det teke røntgen går kiropraktoren gjennom desse og.

Basert på funna ved undersøkinga di, utarbeidar kiropraktoren ein behandlingsplan til deg. Du får og råd om kva du kan gjere sjølv for å få best effekt av behandling, og informasjon om øvingar, trening og eventuellt kost om du er interessert i det.

Behandling:

Behandlinga kan inkludere fleire ulike teknikkar, og vert tilpassa dine behov. Dei manuelle teknikkane me nyttar er leddjustering, mobilisering, traksjon, tøyetekknikkar og triggerpunkt behandling. På klinikken nyttar me også instrumentassistert blautvevsbehandling (iAssist), kinesiotape og behandling med laser.

Førebygging og rehabilitering:

Ein viktig del av oppfølginga er førebyggande råd og rettleing. Dette er til dømes råd for akutte ryggsmerter, hjelp til tilrettelegging på arbeidsplassen, stresshandtering, avspenning og konkrete øvingar relatert til plagene dine. Me tilbyr og rørsleanalyse (FMS), som testar kva musklar du er svak i og tilrettelegg øvingar for å styrke desse musklane.


Litt meir om kiropraktikk, smerter og førebygging finn du i videobiblioteket vårt.


Kiro_logo.jpg

Kiropraktorane ved Voss Kiropraktorkontor er medlemmer av Norsk Kirorpraktoforening. Mange kiropraktorar markerer gjerne dette på skilt eller visittkort med "MNKF". Dette er eit kvalitetsstempel og noko du bør sjå etter ved val av kiropraktor. Du kan lære meir om dette, samt finne ut om utdanning, politikk og anna fagrelatert informasjon på NKF si nettside.

Trygderefusjon:

Alle kiropraktorpasientar i Norge får automatisk dekka ein liten del av behandlinga gjennom trygdesystemet. Det du då betalar hjå kiropraktoren er ein eigenandel. Beløpet dekka frå HELFO er desverre lite. Du treng ikkje tilvising frå lege for å få dette.

Helseforsikring

Helseforsikring (óg kalla behandlingsforsikring) blir stadig meir vanleg. Cirka 400 000 nordmenn har denne type forsikring. Fleire og fleire bedriftar vel å teikne helseforsikring for sine tilsette som kjem både ansatte og bedrifta til gode.

Forsikringen sikrar rask tilgang til undersøking og behandling ved skade/sjukdom.

Helseforsikringa dekker oftast dette: undersøking og behandling hjå legespesialist, kiropraktor eller fysioterapeut samt billetdiagnostisk utredning (MR, røntgen, CT og ultralyd) om naudsynt.
Me har eit godt samarbeid med alle dei store forsikringsselskapa.

Jason palperer nakke