Kiropraktorane

Jason Shields er oppvakse i USA og i Italia. Han har ei bachelors grad i bilologi i tillegg til utdanning som kiropraktor. Han hadde også ei særleg interesse i naturmedisin og har lært om Ayurveda som er tradisjonell medisin frå India.
Kiropraktikk valde han grunna si interesse i idrett og natur samt at far hans også er kiropraktor. Han hadde turnustenesta si delvis på Hønefoss og delvis i Bergen. Etter han var ferdig med turnustida fortsatte han i Bergen. Han byrja etterkvart praksis på Voss saman med ektefelle, Siv. Sidan har han viderutdanna seg på ulike felt innan kiropraktikk, helse og livstil. Sidan 2012 har han og leia Voss sin klubb i Barsiliansk Jiu Jitsu som held til på treningsloftet vårt. Her er linken til Facebook sida deira.

Siv Jøssang Shields er oppvakse på Voss. Ho reiste til USA og utdanna seg med ein bachelorsgrad i biologi og ei master grad i fysiologi. Under mastergradstudiet dreiv ho med forsking på kreft i hud og tarm. Ho hadde også ei særleg interesse for naturmedisin og lærte i denne perioden om Ayurveda som er tradisjonell medisin frå India. Etter å ha hatt personleg erfaring som pasient hjå kiropraktor gjorde dette at ho endra retning og byrja kiropraktorutdanninga. Etter endt utdanning i '96 hadde ho turnusteneste på Stathelle utanfor Porsgrunn og kom til Voss i nov '97. Sidan har ho viderutdanna seg på ulike felt innan kiropraktikk, helse og livsstil. Siv held og kurs i stressmeistring ved klinikken. Sjå " Stressmeistring" i menyen til venstre for meir informasjon. Siv var lenge involvert i faget via Norsk Kiropraktorforening der ho sat i sentralstyret frå 2009 til 2013, og i redaksjonen for kiropraktoren sitt fagblad "Columna". I to år var ho også leiar for etterutdanninga i Norsk Kiropraktorforening med ansvar for kursaktiviteten i foreninga.

Pål Lindseth, protrett.png

Pål Kristian Lindseth er oppvakse i Bergen. Han flytta til Voss i 1997 for å starte på idrettslinja på Voss gymnas med ski som idrettsgrein. Etter vidaregåande vart han verande på Voss for å kunne halda på med friluftsinteressene sine.
Pål Kristian har stått aktivt på ski og har 14 års erfaring som ski- og snowboardinstruktør. Han har også vore på det norske landslaget i elvepadling i ei årrekke, og delteke i fleire EM og VM.
Interessa for kiropraktikk starta etter å ha vore snowboardinstruktør for Jason Shields i 1998. Han flytta til Bournemouth i 2006 for å ta master i kiropraktikk. Etter å ha fullført utdanninga gjennomførte han turnustenesta i Åsane og Nordheimsund. Han er den som utfører rørsleanalyse (FMS) for individuell tilpassing av øvingar. Sjå linken under " Trening" for meir informasjon.