Pusteøvingar

Oksygen er viktig for alle kroppen sine funksjonar. Me har ein tendens til å puste nett nok til å dekke eit minimumsbehov. Pusten er er her og no og er styrt automatisk, men ein har og viljekontoroll over den og pusten er dermed eit lett tilgjengeleg verktøy for å avspenne og kome tilstades i kroppen.

Nedanfor finn du tre ulike teknikkar der ein bruker pusten til ulike føremål. Den første er for bruk under tur og trening for å auke oksygenmettningen/opptak. Den verkar stimulerande og gir energi til turen/treninga og etterpå.

Den andre er for bruk i dagleg aktivitet eller når du slappar av. Den gir deg ein oppkvikkar/energiløft og kan gjerne lindre spenningshovudeverk. 

Den siste er til bruk når du kviler eller tek tid til deg sjølv for å kome i kontakt med kroppen. Denne har gjerne ein stress og spenningsdempande effekt og kan hjå nokon lindre smerte. Den kan og gjerne sette deg i kontakt med spenningar og følelsar som held deg i beredskapstilstand. Ein spennande teknikk å jobbe med.

Innhold manglar
Innhold manglar
Innhold manglar