Råd for akutte korsryggsmerter

  • Finn den stillinga som gjer deg mest smertelindring.low_back_pain.jpg
  • Unngå sitting.
  • Veksle mellom å ligge og å gå. Ligg du for lenge vil du stivne til. 
  • Gå ofte og gå korte strekningar. Heilt i starten kan det vere nok å bevege seg inne.
  • Legg is på det smertefulle området. Pakk isposen godt inn i eit handkle eller liknande. La den ligge på området i 20-30 min. Repeter opptil åtte gonger per dag med minst ein time mellom kvar gong.
  • Bruk smertestillande ved behov – serleg for å få sove. Ikkje bruk smertestillande for å kunne overkøyre kroppen sine signal til å gjere aktivitetar du elles ikkje ville kunne utføra.
  • Kontakt kiropraktoren din snarast – jo raskare til behandling jo raskare frisk. Ikkje ta sjansen på at dette går vekk av seg sjølv. Smertene kan gje seg etterkvart, men årsaka til smertene kan vedvara.
  • Smertene kan vera intense og begrensar ofte rørsleevna, men er ytterst sjeldan farlege.