Snømåking

Ein tredjedel av Noregs befolkning har til ei kvar tid vondt i ryggen, og det kan tyda på at denne andelen aukar med mengda snø som må måkast vekk frå innkøyrslar og trapper. Me merkar i allefall ei auke i antal henvendingar. Ein normal rygg skal tåla å måka snø, men uhell kan skje. Høyr på kroppen sine signal, og tenk gjennom rørslene du utfører med snømåka. Måk med hovudet – unngå ryggvondt!

Med nokre få og enkle forhåndsreglar kan du førebygge ryggsmerter. Det er viktig at muskulaturen er varm før du startar. Ikkje hopp rett frå senga til å måke snø i fleire kuldegrader. Kle deg godt, ikkje stress og sjå på måkinga som nyttig mosjon. Biletet til høgre kan du laste ned her: Snømåkningsteknikk.

Fleire tips om snømåking

  • Mange tak. Ta heller mange små spadetak, enn få og tunge.
  • Ikkje vent. Ta snøen med ein gong den kjem, ikkje la den ligge og bli tung.
  • Pass på ryggen. Løft med beina og ikkje ryggen. Hold ryggen rett og bøy knea.
  • Begge hender. Hald måkeutstyret med to hender.
  • Snu heile kroppen. Når du skal kaste snøen vekk, må du snu heile kroppen - dvs flytte beina, ikke berre vri ryggen.
  • Varier utstyret. Bruk plastskyffel med langt skaft på laus snø, og aluminium- eller jernspade på hard snø. Skal du måke mykje snø i ein slakk skråning, eignar det store brettet seg godt.
  • Ta det med ro. Snømåking er tungt. Når ein skundar seg vert ein uvøren og slurvar gjerne med teknikken. Då går det lettare gale.