Stresshandtering

Livsbelastningar, stress, vedvarande belastning og traumer verkar inn på kroppen vår og påverkar funksjon og smerte. Pust og fysisk spenning endrar seg i forhold til korleis me har det. Desse spenningane kan sette seg som kronisk ubevisste mønster i kroppen og lage ulike smertemønster som stadig dukkar opp eller murrar meir eller mindre konstant. Mange av oss merkar ikkje at me stressar før etter at symptom byrjar å dukke opp.

Me har både positivt og negativt stress. Det positive stresset er det adrenalinkicket ein kan få når ein føler seg klar til å ta ei utfordring og kjenner på spenninga og gleda assosiert med det. Negativt stress er oftast det me til dagleg kallar "stress". Det kan gje ein følelse av å vera overvelda, motlaus og ikkje strekke til. Ein kan bli nervøs, føla seg hjelpelaus og ha konsentrasjonsproblem. Ein kan og utvikle ei rekke fysiske symptom, og ved kronisk stress over tid, fysisk eller psykisk sjukdom.

Nedanfor finn du litt informasjon om ulike innfallsvinklar for å førebygga negativt stress. Me held jamleg kurs i TRE teknikken som me anbefalar sterkt. Den har vist seg å vera nyttig for mange med kroniske smerter.


27190_311707872774_978474_n.jpg



Trauma and Tension Releasing Exercises (TRE) er er ein spannande og ganske ny teknikk i Norge. Teknikken har vore tilgjengeleg her sidan 2010.

TRE handlar om å løyse opp stress frå dagleg belastning eller etter stressande, eventuellt traumatiske, hendingar.

Teknikken lærer du å gjere sjølv, og du får eit verktøy du kan bruke resten av livet. TRE kan bli brukt som eigentrening, i grupper og i kombinasjon med kiropraktikk. Teknikken verkar avspennande, avslappande og for mange, direkte smertelindrande.

Du finn utfyllande informasjon om TRE på den offisielle internasjonale sida.

TRE er utvikla av dr David Berceli, PhD, som har undervist verda over i 25 år. Siv og Jason er sertifisert på nivå 1 og 2 for undervising av enkeltpersonar og grupper. Her er informasjon om neste TRE-kurs som me held på klinikken. Du finn og informasjon om kursa på FB sida vår.

Yttre og indre faktorar

"Stress"- eit viktig ord i dagens samfunn. Me lærer og høyrer stadig i media om kor farleg stress er og korleis me er omgitt av det heile tida. Stress blir definert som noko som blir påført deg, som du ikkje har styring på og som ikkje er "di feil".

Det er vanskeleg å kontrollere alle dei ytre faktorane som kan stresse oss. Mange slike faktorar vill alltid vere der og nye vil kome heile tida. Likevel er det to områder me kan takle stess på: 1) Til ein viss grad det ytre og 2) ikkje minst det indre.

På det ytre planet handlar det om å ta val. Ein kan velge bort aktivitetar som er med på å auke stresset. Nokon ting er det vanskeleg å velge bort mens andre ting er lettare. Dette krev litt "trening", ei oppleving av at det går bra å velge ting bort. Kanskje får ein meir ut av livet istaden for "å gå glipp av" noko.

På det indre planet er det meir ein kan gjere. Dette er spennande arbeid og noko dagens samfunn begynner å sjå som litt viktigare enn før. Slik me ser det, er det indre livet like viktig som det ytre. Bokstaveleg tala, dvs det indre livet er halvparten av livet ditt! Dei fleste har aldri fått noko opplæring i å verken utforske eller dra nytta av vårt indre. Heller omvent, me er opplært til å ignorere det stort sett (om ein ser bort i frå det reint intelektuelle). Med andre ord, ein kan risikere å gå glipp av halvparten av livet ved å ikkje utforske verda inni oss!

Den indre verden er ei reise igjennom livet på same måte som den ytre, eller såkalla "reelle" verden. Det er oftast frå det indre ein hentar styrke til å takle det ytre - dette er stresshandtering! Det som er intressant er at ein kan lære seg å hente denne styrken - til dagleg, den er ikkje berre til krisehåndtering. Det er eit ordtak "Det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det." Dette har med den indre styrken å gjere - ein stor, og ofte unytta resurs, hjå dei fleste av oss.

Gode rutinar

Det er eit ordtak: "Først er det du som skapar vanane dine, så er det vanane dine som skaper deg!"

Dette er grunnlaget for å lage ei heil forelesing om noko så sannsynleg kjedeleg som "daglege rutinar"! Dei fleste av oss har godt innarbeidde rutinar - dei går heilt automatisk utan at du tenker på det. Veit du at det er ein god del rutinar du kan inkorporere i denne automatikken som vil hjelpe deg å bygge helse og overskudd, gje deg meir gnist?

Mange av desse vanane som du kan lage deg, er bortimot, eller heilt, gratis! Du må berre få lære kva dei er. Etter vår meining er mykje av dette kunnskap som skulle ha vore inkorporert i skule og barnehage for det er like viktig som å pusse tennene.

Her er nokon enkle haldningsøvingar som berre tek ​2 minutt å gjennomføre. Desse har me undervist i til  barneskular og barnehagar i heile Voss Kommune.

Her er to gode pusteøvingar​ som du og kan laste ned , eit eksempel på ei nyttig dagleg rutine.

Her er link til Arbeidstilsynet si informasjonsside om stress på arbeidsplassen.

Artiklar og video om TRE

Fin animasjonsfilm og spenning, stress og TRE

Fin kortfilm om TRE

Fin kortfilm om stress/traume og TRE

Personleg erfaring med TRE og smerte. Artikkel frå Bjørn Boges blogg

Interjuv med Siv i "Helsemagasinet VOF"​.

interjuv med dr. David Berceli​ i bladet "Folkevett"

Artikkel i avisa "Dagens Næringsliv"

Artikkel i bladet "Visjon"

TRE i aksjon, video