Trening

Knut FløtbergeVoss kiropraktorkontor tilbyr trening i grupper med fysioterapeut Knut Fløtberget. Gruppene er små på maksimum ti personar slik at alle får personleg oppfylgjing og merksemd frå Knut. Han legg stor vekt på kvaliteten i sjølve rørsla og rettleiar deg så du gjer øvingane rett. Slik får du ei trygg, effektiv og motiverande trening. Treningane han set saman er varierte og dekker heile kroppen for kondisjon, koordinasjon, styrke og stabilitet.

Haldning og haldningsøvingar

Haldning er livsviktig, viser det seg. Dei med god haldning lever lenger. Haldning påverkar oksygenopptaket ditt og påverkar humøret ditt. Haldninga di kan verka stimulerande på deg eller tyngande, gje energi eller trekke energi.

Funksjonell rørsleanalyse, FMS

Funksjonell rørsleanalyse (Functional Movement Screen, FMS) er eit fleirdelt system som vert nytta til å evaluera kvaliteten på eit rørslemønster. Eit rørslemønster er måten du bevegar kroppen din på. Kvar enkelt person har sitt eige rørslemønster; nokon mønster er funksjonele, medan andre kan gjera deg meir utsett for skade, auka muskelspenning og svakheit.

Funksjonell rørsleanalyse vart utvikla for å kunna måla balanse, stabilitet og mobilitet. Systemet fungerar ved å gjennomføra sju fundamentale rørsler/øvingar der svakheiter og asymmetriar/ubalansar kan verta observert og målt.

Basert på denne testen får du øvingar som er tilpassa deg i dei områda du har mista styrke. Øvingane filmar du med mobilen din slik at du alltid kan vere sikker på at du gjer dei rett. 

Det er kiropraktor Pål Lindseth som utfører analysen.

Korleis kan FMS førebygga skadar?

Om desse sju rørslene/testane ikkje kan utførast utan smerte, bør du bli undersøkt av ein kiropraktor slik at du kan få hjelp. Likevel, sjølv om du kan utføra aktivitetane utan smerte betyr ikkje dette at du ikkje er utsett for å få skadar. Føremålet med testen er å identifisera asymmetriar eller forskjellar i funksjon frå side til side. Den største årsaka til skadar er asymmetri i rørslemønster, styrke eller fleksibilitet.

Når asymmetri er identifisert kan ein ved hjelp av øvingar, evt kiropraktisk behandling, reparera problemet og førebyggja sjansen for skadar. Det er mykje rimelegare og tidsparande å førebyggja skadar enn å rehabilitera etter at skade har oppstått.