Triggerpunktbehandling

Triggerpunkbehandling løyser opp djupe spenningar og knutar som har satt seg fast i muskulaturen. Det blir lagt trykk på bestemte punkt i muskelen til spenninga begynner å sleppe. Det tek vanlegvis 20-30 sek per punkt.

Dette er ein effektiv teknikk, men kan vera noko smertefull medan behandlinga pågår. Nokon merkar og at dei vert støle eller tøytte etter triggerpunktbehandling.

Triggerpunkt er kjende for å laga refererte smerter. Det vil seie at dei lagar smerter i andre delar av kroppen enn der sjølve punktet ligg. På grunn av dette kan det hende at kiropraktoren behandlar eit anna område enn det du forventar for å løysa på smertene dine.

"Gjer det sjølv"

Du kan løyse på eignen muskulatur og triggerpunkt ved hjelp av enkle hjelpemiddel. Du kan anten kjøpe ein såkalla "triggerpunktball" som er ein ball med små knottar på, eller, du kan lage ein triggerpunktball sjølv. Det gjer du enkelt ved å ta ein golfball, sprettball eller tennisball og legg den inn i ein strømpe. Strømpen er der for at den ikkje skal gli unna og du får eit handtak. Bruk ballen til å legge press inn i dei ømme triggerpunkta gjerne mot veggen eller golvet. Hald trykket i ca 20-30 sek på kvart punkt. Ikkje overdriv presset og gje kroppen ein pause om du blir støl i områda du behandlar.