Tverrangerhuset

tverranger_2.jpg

"Det var i 1890 byggmeister Knut Kvåle kjøpte eit jordstykke bak stallane av Prestegarden, og sette opp 2 2-høgda verkstadbygningar. Desse vart bygde saman i vestre enden. I denne bygningen vart det innreidd snikkarverkstad som Kvåle sjølv dreiv. Kvåle dreiv snikkarverkstad til han døydde i 1909. Verkstaden vart verande i familien. Sonen Nils tok over då han var vaksen, satsa stort og gjekk konkurs. Meieriet kjøpte no eigedomane.

Ivar A. Lydvo kjøpte huset av Meieriet i 1923. Han tok til med ski- og snikkarverkstad som han dreiv utover i 1930-åra. Sparebanken overtok då bygningen.
Etter bombing og brann i 1940 var mange verksemder huslause. Slik var det også med firmaet Bryn & Tveranger. Knut E. Bryn og Peter P. Tveranger hadde frå 1915 drive møbelfabrikk og møbelhandel ved hovudgata i Lekvemoen. Dei vende seg i 1940 til banken, og fekk kjøpa bygningen her som då hadde stått tom i 2-3 år.
Nokre mindre endringar vart gjort med huset, mellom anna vart det bygt varemottak med vareheis i austgavlen. Bryn & Tveranger dreiv ilag til 1951. Då vart fabrikk og handel skilt frå einannan, og eigarane tok over kvar sin del. P. Tveranger overtok fabrikken og bygningen her, men døydde same året. Sonen Anders tok dåover drifta etter faren. Verkstaden hadde på denne tida 6 tilsette. Han dreiv så vidare med allsidig møbelproduksjon fram til 1973/74, då verkstaden vart nedlagd.
Tveranger-familien har sidan leigt ut bygningen. Sonen Jan er eigar frå 1995. Vangen Elektriske starta opp i huset i 1977, og var eigentleg leigetakarar fram til 1990, sjølv om dei i 1981 hadde flytta inn i nytt bygg på Lid. Sist i 1980-åra starta Bunadsloftet opp i 2.høgda, og noko seinare Kari Bye med smykke-produksjon. Mykje av 1990-åra har Vestlandske Brukthandel leigt fyrste høgda.
Etter at møbelfabrikken la ned, er det gjort noko innreiingsarbeid i huset. Elles er alt uendra, med unnatak av at veggene mot jernbanen måtte kledast med stålplater før opninga av Bergensbanen i 1909."
- Tekst og bilete over er henta frå boka "Førkrigshus på Vangen" av Gunnar Hemre Ringheim.

Opprustningsprosessen

Me overtok Tverrangerhuset i april 2003 og opprustninga starta i august same året. Alt utvendig måtte godkjennast av fylkesantikvaren sidan det er eit verna bygg. Me hadde likevel som mål å bevara det me kunne, ikkje berre utvendig, men også inne.

haus.gif

Me fann mykje gamalt verktøy og ulikt utstyr i form av gamle maskiner. Noko var så øydelagd at det måtte hivast, men det aller meste er teken vare på. Noko av maskineriet vart levert til Mølstertunet. Alt verktøyet har me bevart og hovudakslinga samt bandsaga står der det var opprinneleg.
Me møtte sjølvsagt på ein del utfordringar på vegen. Då er det viktig å ha gode medarbeidarar. Me utvikla eit nært og godt samarbeid med arkitekt Knut Myklebust og tømrar David Gjøstein. Snikkarane til David tok på seg arbeid som ein ikkje utan vidare tek som ei selvfølge at ein snikkar skal gjere - serleg då det var meir enn ein gong ekte "dritt arbeid" stod på menyen.
Det var aldri snakk om å bli stogga av problem. Me fekk alltid presentert fleire ulike løysingar å velge mellom. Alltid positive og inspirerande.
Snikkarane var Odd Arild Kyte, Knut Kvarekvål, Johannes Appelthun, Nedkvitne, Ørjan Knapstad og Croock. Eletrikarar Arnstein Stue og Ørjan fann mange kreative løysingar.

tverranger_3.jpg

tverranger_4.jpg



Hordaland"Byggningen var så skakk at den berre var interessant for kiropraktorar...."

Offisiell opning


Den offisielle opninga var 29.04.2004. Det var både ein gledens og sorgens dag.
Ein av våre høgt verdsatte snikkrar Johannes Appelthun, døydde brått og uventa og vart gravlagd same dag klinikken opna. Johannes var alltid i godt humør og satte æra si på å gjere kvalitetsarbeid. Han er savna av alle og vil alltid vera ein spesiell del av huset.
Det var også ein gledens dag. Her såg me enden på eit langt prosjekt som allerede hadde gjeve oss mykje. Sjølve opprustningtida hadde faktisk vore så inspirerande at på ein merkeleg måte var det også litt trist at den var over.
No skulle me ta i bruk dette lokalet til å hjelpe folk med mange ulike plager, og me håpar me hadde greidd å lage klinikken imøtekomande. Me ynskte at alle skulle føla seg velkomen når dei kom.
Bilete frå opprustningsprosjektet er å finna den dag i dag på venterommet for dei som har interesse for gamle hus.