Undersøkingar

Undersøkinga du får ved Voss Kiropraktorkontor er grundig og heilskapeleg fokusert. Ved fyrstegongs undersøking, fyller du ut eit skjema der du beskriv symptoma og svarar på nokre spørsmål som er viktige for oss. Deretter utfører me ei klinisk undersøking der me vurderer behandlingstiltak og eventuelle behov for vidare utgreiing. (Skjema kan fyllast ut på skjermen før du skriv det ut).

Klinisk

Den kliniske undersøkinga dannar basisen for å sette opp ein behandlingsplan som fungerer for deg. Behandlingsplanen er basert på dei funna kiropraktoren gjer ved undersøkinga. Undersøkinga vil også gje indikasjonar om der er naudsynt med vidare utgreiing som røntgen, CT, MR, UL eller om du bør henvisast til fysioterapeut, fastlege eller spesialist/kirurg.

Den kliniske undersøkinga består av haldningsanalyse, rørsleevne i dei ulike delene av ryggsøyla, nevrologiske og ortopediske testar, samt ulike testar for leddfunksjon og musklar.





EMG

Som ein del av undersøkinga vert det ofte teke eit EMG/Thermo scan. EMG står for ElektroMyeloGrafi. Dette apparatet måler den elektriske aktiviteten i muskulaturen ved bruk av sensitive elektrodar på hudoverflata på ryggen. Er spenninga høgare eller lavare enn normalt, indikerer det ei auke eller ein reduksjon i spenninga i den muskelen me måler. Dette er ikkje eit diagnostisk verktøy, men eit verktøy som indikerer funksjon i muskulaturen, asymmetriar og potensielle kompensasjonar.

Kiropraktoren går gjennom alle funna både frå den kliniske undersøkinga og EMG/Thermo scan med deg og svarar på dei spørsmåla du eventuelt har. Vert det teke røntgen går kiropraktoren gjennom desse og.

Røntgen


Voss Kiropaktorkontor tilbyr vanlege røntgen tenester. Me har eit moderne, digitalt røntgenanlegg som tek ståande bilete. Me henviser vidare ved behov for røntgenbilete me ikkje tek sjølve, MR, CT eller diagnostisk ultralyd. Me har godt samarbeid med Voss Sjukehus samt andre, både offentlege og private aktørar i heile regionen.