Vanlege spørsmål

Kva er kiropraktikk?

Ordet kiropraktikk er av gresk opprinnelse og betyr "å behandle med hendene".

"Kiropraktikk omfattar diagnostikk, behandling og førebygging av funksjonsreduksjon og lidelsar i nerve-muskel-skjelett-systemet. Kiropraktikk som behandlingsmetode har som hovedmål å gjenopprette normal funksjon i bevegelsesapparat og nervesystem når feilfunksjoner har oppstått. Dette har ein påverknad på både mekanikken i ledda og funksjonen i nervesystemet og har dermed ofte både ein smertelindrane og ein funksjonsbetrande effekt som kan verke helande på kroppen generelt."
- Definisjon av kiropraktikk frå Norsk Kiropaktorforening

Omtrent 1/3 av nordmenn med muskel- og skjelettplagar kontaktar kiropraktor for undersøking og behandling. Kiropraktoren har ryggsøyla som spesialfelt, men kan undersøke alle ledd. Ei grundig undersøking dannar basen for eventuell vidare utgreiing og behandlingsplan. Behandling kan inkludere kiropraktikk, ulike typar muskulær behandling, kinesiotaping og laser. Ved behov henviser kiropraktoren til fysikalsk behandling eller utredning hjå lege, spesialist eller kirurg.

Kiropraktikk har utvikla seg til å bli ein viktig del av helsetilbodet i Noreg. Frå 2006 (i Hordaland 2002) fekk kiropraktorar status som primærkontakt og har rett til å sjukemelde i opp til 12 veker, henvise til biletdiagnostikk, til vidare utgreiing hjå spesialist/kirurg og til fysioterapeut. Voss Kiropraktorkontor har godt samarbeid med både legar og fysikalske institutt lokalt og i nærregionane, samt det lokale sjukehuset, og med spesialisthelsetenester i Bergen og omegn.

Korleis verkar kiropraktikk?

Den kiropraktiske behandlinga baserer seg på å finne ledd med redusert eller endra rørsleevne, kalla låsingar. Kiropraktoren reduserer låsinga for å få mest mogeleg nomal rørsle i leddet ved å utføre ei kiropraktisk justering. Eit ledd som ikkje bevegar seg slik det skal, påverkar vevet rundt: leddband, senar, musklar, skiver, blodgjennomstrauming og nerver. Låsinga kan dermed gje grunnlag for feilbelastingar, kompensasjonar, muskelspenningar og inflammasjon (betennelse). Dette kan utløyse smerter i ulike områder som direkte eller indirekte vert påverka av låsinga.

Kor raskt kan eg kjenne meg betre?

Nokon opplever umiddelbar betring og dei fleste ganske rask framgang. Andre vil oppleve at det kan ta lenger tid. Mange faktorar spelar inn. Kor lenge har du hatt problemet? Kor god form er du i? Følgjer du anbefalingane du får? Får du den kvila, treninga og næringa du skal ha? Røykjer du? Sit du mykje? Alt dette er blandt dei faktorar som verkar på kroppen si helingsevne.

Kor mange behandlingar du treng og over kor lang tid, vert først berekna ved undersøkinga og så fortløpande under behandlinga ettersom symptoma og behovet endrar seg. Antal varierar basert på kva som er gale, varigheita av tilstanden og andre faktorar. I starten behandlar ein ofte tettare og trappar ned etterkvart. I den avsluttande fasen av behandling vert det ofte anbefala treningsmetodar/øvingar eller andre førebyggande aktivitetar for å redusere eventuelle tilbakefall.

Kva type plager er det vanleg å kome til kiropraktor med?

Dei mest vanlege lidelsar folk kjem til oss med er smerter i muskel- og skjelettsystemet av kronisk eller akutt karakter. Dømer er smerter i korsrygg, isjias, prolaps i korsrygg eller nakke, nakkesmerter, hovudverk, smerter i skulder, hofte, kne, ankel, olboge eller handledd. I tillegg kjem mange med svimmelhet, øyresus, fibromyalgi og ME.Me behandlar mange gravide for svangerskaps relaterte plager/smerter.

Me ser ei stadig auke i smerteproblematikk hjå barn og unge. Dette er eit aukande problem og me samarbeidar med skulefysioterapeut for å tilrettelegge og førebygge. Fokus på fysisk aktivitet er svært viktig i desse situasjonane.

Når det gjeld spedbarn behandlar me ryggsøyla der me finn områder som kan føra til smerter og stivheit hjå barnet. Plager hjå spedbarnet kan føre til at dei er urolege, føre til søvnproblem, mykje gråt, vanskar med å snu hovudet og ammevanskar. Mange for god hjelp av kiropraktikk. Me har også godt samarbeid med barnefysioterapeut i kommunen.

Er kiropraktikk trygt?

Alle typar behandling inneber ein risiko. Kiropraktikk har ein særdeles god statistikk når det gjeld tryggleik og skadar oppstår ekstremt sjeldan.

Kva er biverknader av behandling?

Av biverknader på behandling kan ein nevna dei mest vanlege som er trøyttleik, stiv og støl, hovudverk, ein periode med auka smerter. Ca 50% av dei som får behandling opplever desse biverknadane i starten av behandlingsperioden - dvs dei to til tre føste gongene. Etter det er dette få som har biverkander.

Har kiropraktoren refusjonsrett?

Ja, kiropraktorane er primærkontaktar og har refusjonsrett. Pasientane får automatisk refusjon på 14 behandlingar pr. år. Sjå www.helfo.no for oppdaterte takstar. Du betaler berre ein eigenandel når du går til kiropraktor. Sjå "Takstar" for oversikt over eigenandelar ved Voss Kiropraktorkontor.

Treng eg henvising frå lege?

Nei. Det gjorde ein tidlegare. Fra 2006 (2001 i Hordaland) blei kiropraktorar primærkontaktar, og pasienter får automatisk refusjon utan å måtte ha henvising.

Kan kiropraktoren sjukemelde?

Ved behov kan kiropraktoren sjukemelde deg for ein periode. Dei fleste som kjem til kiropraktor har korte sjukemeldingar. For dei som har behov utover 3 mnd, henviser me til fastlegen for vidare vurdering der. Me har godt samarbeid med fastlegane i heile regionen.

Kan kiropraktoren skrive ut medisinar?

Nei. Ein kiropraktor føreskriv ikkje medikament. Ved behov for smertestillande, betennelsesdempande e.l., er det fastlegen som vurderer dette.

Kan kiropraktoren henvise til spesialist eller kirurg?

Ja. I nokre tilfelle er det behov for vurdering av spesialist/kirurg. Kiropraktoren kan henvise. Me har godt samarbeid med lokalsjukehuset, samt både offentlege og private spesialisthelsetenester i regionen. Dei private tenestene me henviser til har avtale om trygderefusjon, så det blir ingen ekstra kostnader for deg.

Kva om eg treng fysioterapeut og/eller trening?

Trening er ein viktig del for å halde god helse og sterk rygg. Her er det ulike metodar og opplegg. Kiropraktoren kan henvise deg til fysioterapeut for behandling og tilrettelagt treningsprogram. Ved klinikken har me treningsgrupper leia av fysioterapeut. Me tilbyr og FMS - eller funksjonell rørsleanalyse - som er ei kartlegging av eventuelle svake muskelgrupper. Du får då øvingar tilpassa utfallet av denne testen.

Me har godt samarbeid med fysioterapeutane i regionen og henviser ved behov til dei for behandling og eller trening.

Kiropraktorutdanning

Kiropraktorutdanninga er eit fem års universitetsstuduim med eit års påfølgande turnusteneste. Dei 4 fyrste åra er faga svært like som på legestudiet. Utdanning i Noreg er under planlegging ved det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo. Me håpar at myndigheitene omsider bevilgar økonomiske midlar til å få studiet igang. Stortinget vedtok tilrettelegging av kiropraktorudanning i 2001; - ting tek tid!