Yogainstruktør:

Anna Miller er opprinneleg frå København og har praktisert yoga sidan 1997. Anna har grunnutdanning innan psykologi og to år av fysioterapiutdanninga. Ho er lærar i Ashtanga Yoga og er i ferd med å bli lærar i Iyengar Yoga som ho no praktiserar mest. Hennar filosofi og motivasjon til å praktisere og undervise Yoga, er at yogapraksisen kan bidra til å spreie meir livsglede, energi, styrke og sinnsro.

Sidan 1995 har ho jobba med undervisning for bedrifter og for private. Ho jobbar til dagleg i Oslo-området. Yoga, haldningskorreksjon, pust, kroppsbevissthet og læra om å ta vare på kroppen på jobben er blandt dei emnene ho underviser i. Ho har også publisert ei bok om Yoga.

Meir informasjon om Anna finn du på nettsida hennar, Annas Yoga. Her er og ein artikkel frå bladet iFORM i pdf format som Anna forfatta.


Vossakurs

Her hjå oss underviser Anna fleire helger i året. Ho bruker Iyengar Yoga som er basert på den indiske helsetradisjonen Ayurveda. Kursa er opne for alle, du treng ingen tidlegare erfaring. Me begynner fredag kveld og avsluttar søndag midt på dagen, av og til har me eindagskurs - stort sett søndagar. Kursa blir annonsert her på nettsida, på Facebook sida vår, ved plakatar på Vangen og oftast i avisa Hordaland. Påmelding og info i resepsjonen. Velkomne!