Kven er me?

SB0B4075.S&J.jpg

Voss Kiropraktorkontor vart etablert i 1997 av kiropraktorane Siv og Jason. Me starta i Janusgarden. Sidan har me vakse og utvida mot det me ynskjer konseptet vårt skal vera.

No er me ein tverrfagleg klinkk som ynskjer å tilby deg ei god oppleving når du kjem til oss. Fast på klinikken finn du tre kiropraktorar og ein medesinsk sekretær. I tillegg finn du ein fysioterapeut som driv treningsgrupper på kveldstid.

Me tilbyr konsultasjon og behandling hjå kiropraktor. Du kan delta på treningsgrupper med fysioterapeut, få individuell treningsrettleiing, rettleiing til kosthaldsendringar og vere med på stressmeistrings kurs. Me har og spesialkurs innimellom som er retta mot spesefikke aktivitetar som t.d. ski eller paddling. Alle kursa våre blir annonsert på klinikken, på denne nettsida under "Nyhende" og på FB sida vår.

Me har godt samarbeid med andre helseaktørar og klinikkar på Voss og i områda rundt.

Alle tre kiropraktorar er medlem av NKF (Norsk Kiropraktorforening). Du finn meir informasjon om NKF her.