Trening med Knut igang igjen!

2009.01.07

Knut legg stor vekt på kvalitet i sjølve bevegelsen og rettleier deg personleg. Øvingane er laga for å dekke heile kroppen som gir kondisjon, koordinasjon, styrke og stabilitet. Oppstart 19. Januar. Påmelding Voss Kiropraktorkontor, 5651 1755.

KURS 1: KOM I FORM!
Dette kurset vektlegg det å koma i form og har litt trøkk. Personleg rettleiing for best effekt av øvingane er essenisellt i dette kurset. Det går over 24 gonger, to kveldar i veka, mandag og torsdag, kl 18:30 og varar ein time. Pris 3500,-

KURS 2: TRENING FOR DEN TRAVLE!
Dette er kurset for deg som ikkje har tid til å trene meir enn ein gong i veka, men ynskjer å få maksimum ut av den treninga du får gjort. Knut hjelper deg å yte og gjennomføre kvar øving med beste presisjon for høgst utbyte. Det går over 24 gonger, mandag kveld, kl 19:30 og varar ein time. Pris 3500,-