2009.04.10
Hausten 2008 begynne Voss Kiropraktorkontor eit prosjekt i samarbeid med skulekontoret i Voss Kommune. Holdningsøvinane me utvikla i 2007 (du finn dei her) har me trykkt opp og laminert. Me dreg rundt på alle skular og barnehagar i heile kommunen og viser lærarane korleis dei kan implementere desse enkle øvingane to gonger per dag - det tek 1-2 minutt å gjemmomføre desse. Kankje har du barn som har kome heim for å viser deg korleis dei skal gjerast?
Det har så langt vore ein suksess. Tilbakemeldingar kjem frå foreldre, lærarar og elevar. Generellt sett ser det ut til at elevane likar å gjere desse øvingane og vil ofte minne læraren på det om dei skulle gløyma det ein dag
.
Årsaka til at me valgte å gjere dette er at me ser ein stadig auke av barn med plager i klinikken. Noko av dette er pga at foreldre er meir informerte om kva kiropraktikk kan gjere for barn, med det er også årsaka av eit samfunn der me stadig bevegar oss mindre.
Me ser no plager hjå barn me før berre såg hjå voksne. Holdningsøvingane er eit forsøk på å forebygge plager og slitasje endringar i framtida. Samtidig er det bra for lærarane også. Me har fleire av dei voksne som brukar dette i felleskap på kontoret at plager no begynner å forsvinne - av seg sjølv - berre med desse enkle øvingane!
Om din arbeidplass er intressert i desse øvingane og ein 20 min innføring for størst utbyte - kjem me gjerne til Dykk. Berre ta kontakt med resepsjonen på tlf 56 51 17 55.