Neste T.R.E. kurs 25 januar

2012.01.09

Neste T.R.E. kurs er onsdag 25 januar. Me startar kl 14 og driv på i 4-5 timar. For påmelding kontaktar du oss via e-post: post@vkk.no eller i resepsjonen.

Litt generell informasjon: 

Me held til på Treningsloftet  i 3 etg i Stallgt 10 (Voss Kiropraktorkontor er i første etg).

Me har fylgjande timeplan:

Onsdag 25 januar, kl 14:00 – ca 18:30 som inkluderer 30 min pause etter ca 2 timar

Kom i kle du kan lett bevege deg i, gjerne fleire lag for betre temperatur regulering.  Me har matter, og pledd for dei som treng det. Ta med ei drikkeflaske.

Det blir først informasjon om teknikken, med høve til diskusjon og spørsmål. Deretter går me gjennom sjølve teknikken ilag. Dette tek ca to timar samanlagt. Me tek så ein halv times pause der du kan gå ein liten tur eller ta ein kopp kaffi før me gå gjennom teknikken ein gong til, med diskusjon og spørsmål tilslutt.

 

Dette er ein spennande og heilt ny teknikk i Norge som handlar om å løyse opp stress frå dagleg belastning eller etter traumatiske og stressande hendingar. Teknikken er unik på den måten at du lærer å gjere dette sjølv, med andre ord får du eit verktøy du kan bruke sjølv. 

Teknikken blir undervist i grupper og individuellt alt etter ynskje og behov. 

Informasjonsida om TRE er desverre nede for tida - me jobbar med å få den opp å gå igjen :)