HjarteTRE

HjarteTRE er TRE sett saman med metodar frå HeartMath. Ein spennande kombinasjon av TRE og pusteteknikk der du blir guida gjennom ei indre reis til kontakt med styrkande emosjonar. Du lærer ein måte å få endå meir nytte av TRE -praksisen din. Du blir introdusert til ressursar som du kanskje ikkje visste du hadde, eller korleis du kan tappa inn i. Det kan hjelpa deg til å vera mindre spent i kvardagen, handtera påkjenningar betre, takla utfordringar med meir ro og oppleva meir glede.

HjarteTRE tek litt lenger tid enn GruppeTRE. Det er først ein halvtimes intro. Deretter gjer me TRE ilag som ved GruppeTRE, men går direkte over i ei indre reis der Siv tek deg djupare og hjelper deg å kontakta din indre styrke. HeartMath som teknikk er ein nydeleg kombinasjon med TRE om du ynskjer individuell rettleiing. 

For å delta på HjarteTRE må du ha vore på minst ein gruppeTRE først - gjerne fleire. 

Datoane for HjarteTRE 2022 er: 

  • Tirsdag 08.februar       - kl 16-18
  • Tirsdag 08.mars          - kl 16-18
  • Tirsdag 23.august       - kl 16-18
  • Tirsdag 22.november  - kl 16-18